Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers.
Legal terms for organizers.
Samstundes som Magnus Lagabøte samla landet vårt under ei lov som sette rett framfor makt, blømde håpet om kjærleik og nåde i songar og stev. Ein stad i Telemark skal Olav Åsteson ha falle i søvn på julafta og ikkje vakna før trettande dag jul. Då gjekk han til kyrkje for å fortelje om det han hadde drøymt. Slik fanst forteljinga mellom dei som høyrde og dei som fortalde i mange hundre år, før ho vart nedskriven som «Draumkvedet» slik vi kjenner det i dag.
Vår største visjonsdikt og mest kjende middelalder-ballade fortel om håp og tilgjeving i ei form som minner mykje om den guddommelege komedien av Dante frå same periode.
Mykje seinare kan vi lese triologien av Jon Fosse og sjå korleis samtidstekstane finn si form i den same veven.
Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet gjennom tidlause kontrastar og klangar i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og slår fylgje med Olav Åsteson i draumen. Konserten vil likevel formidlast med diktet og dei tradisjonelle melodiane i fokus.