page view image

Sök efter evenemang

Rett framfor makt i 750 år - Fagdag om Landslova på Ålhus

Bli med på ein spennande fagdag i Eikaasgalleriet på Ålhus fredag 27. september i samband med 750-årsmarkeringa av Magnus Lagabøtes landslov!

27.09.2024 11:30 @ Eikaasgalleriet
Opningshøgtid i Eikaasgalleriet

Velkomne til opningshøgtid for jubileumsfeiringa av Landslova på Ålhus!

27.09.2024 19:00 @ Eikaasgalleriet
Draumkveldet i Ålhus kyrkje

Draumkvedet tek opp kjærleik og nåde i ei brytningstid der dette var nye måtar å tenkje på. Saman med lovtekstane som vart skrivne i same periode er diktet ei kraftfull påminning om korleis det gode alltid er muleg å velje og ei betre verd alltid er muleg å skape.

27.09.2024 22:00 @ Ålhus kyrkje
Landet du gav oss


Det landet du gav oss, den gåva vi fekk. Slik skal vi synge i songen i Ålhus-kyrkja denne laurdagen. Inne i kyrkjerommet vil tonane flyge mellom tidene og minne oss om kor stor den gåva er: At vi får vår tid i eit land vi kan hauste fritt frå og leve fritt i. At vi har ei lov som seier at det er vår rett.

28.09.2024 15:00 @ Ålhus kyrkje
Landet du gav oss - konsert i Ålhus kyrkje kl 17.

Det landet du gav oss, den gåva vi fekk. Slik skal vi synge i songen i Ålhus-kyrkja denne laurdagen. Inne i kyrkjerommet vil tonane flyge mellom tidene og minne oss om kor stor den gåva er: At vi får vår tid i eit land vi kan hauste fritt frå og leve fritt i. At vi har ei lov som seier at det er vår rett.

28.09.2024 17:00 @ Ålhus kyrkje
Landslovsgilde i Borgja

Langbordsmiddag med velkomst og tre rettar frå middelalderens kjøkken. Råvarer frå åker, skog og fjell, heilsteikte kje, kornøl frå Hornindal og vin frå Jølster. Bli med på ei reise til Hegrenes i gammal tid med lovsoge, dans og drikkeviser.

28.09.2024 20:00 @ Borgja, Ålhus
Mikkelsmesse i Ålhus prestegard

Mikkelsmesse var den største festdagen heile hausten. I prestegarden får vi høyre om mattradisjoner og kvinneliv i middelalderen.

Frå Fjordamat-tunet kjem Kari Støfringsdal og vil fortelje om korleis grauten skulle kokast til Mikkelsmesse, før vi får smake maten og gløtte på døra til ei tid då mjølk i grauten var ei sjeldan glede å unne seg. Til kaffien inviterer vi til litterær salong om kvinneliv i middelalderen, slik Sigrid Undset har sett andre dører på gløtt, i litteraturen.

29.09.2024 15:00 @ Ålhus prestegard
page view image
logo

Rom for ord

Hittar du inte din biljett?
Lös in dina reservationer
Adress
Rom for ord
Hafstadvegen 42
Førde