Landslovsgilde i Borgja

Langbordsmiddag med velkomst og tre rettar frå middelalderens kjøkken. Råvarer frå åker, skog og fjell, heilsteikte kje, kornøl frå Hornindal og vin frå Jølster. Bli med på ei reise til Hegrenes i gammal tid med lovsoge, dans og drikkeviser.

page view image
Evenemangsdatum

lördag 28 sep 2024 20:00

avslutas lördag 28 sep 2024 23:59
Kalenderposten anpassas till din lokala tidszon
Beställ

Tillgängliga artiklar

ticket item
Landslovsgilde - drikkepakke utan alkohol
ticket item
Landslovsgilde - drikkepakke med alkohol
event image

Evenemangsinformation

Primstaven fortel at det lir mot Mikkelsmesse. Då lyt avlinga vere komen i hus. Kyrne må ha kome heim att frå støylen, sauene og geitene må vere samla og sanka heim frå fjellet. Alt no kan vi kjenne lukta av snø i den klåre morgonsola og når kvelden mørknar lyser det frå bryggarhusa og bakstekjellarane. Lyset lovar gilde og fest! 

Vi ber inn til landslovsgilde med langbordsmiddag i Borgja med ein meny som hentar inspirasjon frå middelalderens kjøkken, både det adelege og det landlege. Fra eldstadane ute i tunet kjenner vi lukta av røykt aure og heilsteikte kje, krodamer tapper kornøl i muggar, men det glitrar i glasa når vår vi helsar velkomne med Vestavin og skåler for lova og landet.  

På kjøkkenet har Thomas Holme Smådal førebudd festen i fleire dagar. Heile hausten har vi fiska og sanka, brygga og bakt. 

Landslovsgildet tek deg med på ei reise til Hegrenes i gammal tid, til leiken, lovene og levemåtane med forteljing, dans og drikkeviser. 


Mat med drikkepakke: 1200

Mat med alkoholfri drikkepakke:  1100,- 

Dette inkluderer:

Tre-retters gilde med tilhøyrande drikke, velkomstdrikke og underhaldning. 

Arrangör
Rom for ord