Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Bli med på ein spennande fagdag i Eikaasgalleriet på Ålhus fredag 27. september i samband med 750-årsmarkeringa av Magnus Lagabøtes landslov!
Velkomne til opningshøgtid for jubileumsfeiringa av Landslova på Ålhus!
Draumkvedet tek opp kjærleik og nåde i ei brytningstid der dette var nye måtar å tenkje på. Saman med lovtekstane som vart skrivne i same periode er diktet ei kraftfull påminning om korleis det gode alltid er muleg å velje og ei betre verd alltid er muleg å skape.
Det landet du gav oss, den gåva vi fekk. Slik skal vi synge i songen i Ålhus-kyrkja denne laurdagen. Inne i kyrkjerommet vil tonane flyge mellom tidene og minne oss om kor stor den gåva er: At vi får vår tid i eit land vi kan hauste fritt frå og leve fritt i. At vi har ei lov som seier at det er vår rett.

Langbordsmiddag med velkomst og tre rettar frå middelalderens kjøkken. Råvarer frå åker, skog og fjell, heilsteikte kje, kornøl frå Hornindal og vin frå Jølster. Bli med på ei reise til Hegrenes i gammal tid med lovsoge, dans og drikkeviser.
Mikkelsmesse var den største festdagen heile hausten. I prestegarden får vi høyre om mattradisjoner og kvinneliv i middelalderen.
Frå Fjordamat-tunet kjem Kari Støfringsdal og vil fortelje om korleis grauten skulle kokast til Mikkelsmesse, før vi får smake maten og gløtte på døra til ei tid då mjølk i grauten var ei sjeldan glede å unne seg. Til kaffien inviterer vi til litterær salong om kvinneliv i middelalderen, slik Sigrid Undset har sett andre dører på gløtt, i litteraturen.