page view image

Opningshøgtid i Eikaasgalleriet

Velkomne til opningshøgtid for jubileumsfeiringa av Landslova på Ålhus!

Informasjon
event image

Fram frå loftet i Ålhus kyrkje ber vi den vesle klokka, kanskje så gammal som tusen år. 

Klokka kallar oss til samling ved minnesteinen etter Audun Hugleiksson framom Borgja allereie kl 18, der vi får ei ny forteljing om baronen til Hegranes framført av Silje Sørebø. 

Til lyden av eldgamle slåttetrommer slår vi fylgje i eit opptog mot Eikaasgalleriet og opningshøgtida her kl 19. 

Her ventar eit rikhaldig program med lesingar frå lova ved Kyrre Eikaas Ottesen, tonefylgje ved Henning Sommerro, prologer og helsingar ved Jørn Øyrehagen Sunde, Paul Otto Brunstad og fleire. Programleiar er Yngve Nedrebø. 

I Eikaasgalleriet opnar to nye utstillingar denne kvelden. "Kongens sendebod" syner kostyme og foto frå spelet om Audun Hugleiksson. Utstillinga er kuratert av scenograf Åse Hegrenes.

"Ludvig Eikaas og Audun Hugleiksson" syner grafikk og andre arbeid av kunstnaren som har lånt namnet sitt til huset vi får feire lova og lovskrivaren i. Samband finst, også her.

Matgleder frå Jølster, song og samtalar vert det god tid til, før det vert høve til å slå fylgje opp "Gata" til Ålhus kyrkje for å oppleve vårt største visjonsdikt: 

Samstundes som Magnus Lagabøte samla landet vårt under ei lov som sette rett framfor makt, blømde håpet om kjærleik og nåde i songar og stev. 

Ein stad i Telemark skal Olav Åsteson ha falle i søvn på julafta og ikkje vakna før trettande dag jul. Då gjekk han til kyrkje for å fortelje om det han hadde drøymt. Slik fanst forteljinga mellom dei som høyrde og dei som fortalde i mange hundre år, før ho vart nedskriven som «Draumkvedet» slik vi kjenner det i dag.

Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel).

-:-:- 

Billettar til Draumkvedet finn ein i eiga lenke her i ticketco og er ikkje inkludert i opningshøgtida.

Opningshøgtida vert arrangert av Sunnfjord kommune i samarbeid med Musea i Sogn og Fjordane, Ålhus grendelag og Teater Vestland med støtte frå Vestland fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Følgekort kan nyttast på alle arrangement under landslovsfeiringa på Ålhus.