page view image

Draumkveldet i Ålhus kyrkje

Draumkvedet tek opp kjærleik og nåde i ei brytningstid der dette var nye måtar å tenkje på. Saman med lovtekstane som vart skrivne i same periode er diktet ei kraftfull påminning om korleis det gode alltid er muleg å velje og ei betre verd alltid er muleg å skape.

Informasjon
event image

Samstundes som Magnus Lagabøte samla landet vårt under ei lov som sette rett framfor makt, blømde håpet om kjærleik og nåde i songar og stev. Ein stad i Telemark skal Olav Åsteson ha falle i søvn på julafta og ikkje vakna før trettande dag jul. Då gjekk han til kyrkje for å fortelje om det han hadde drøymt. Slik fanst forteljinga mellom dei som høyrde og dei som fortalde i mange hundre år, før ho vart nedskriven som «Draumkvedet» slik vi kjenner det i dag.


Vår største visjonsdikt og mest kjende middelalder-ballade fortel om håp og tilgjeving i ei form som minner mykje om den guddommelege komedien av Dante frå same periode.

Mykje seinare kan vi lese triologien av Jon Fosse og sjå korleis samtidstekstane finn si form i den same veven.


Draumkvedet blir framført av Malin Alander (song), og Ole Nilssen (trekkspel). Dei presenterer det tradisjonsrike visjonsdiktet gjennom tidlause kontrastar og klangar i eit intenst samspel. Draumkvedet har i deira form rom for både improvisasjonar og slåttespel, som byggjer opp under, og slår fylgje med Olav Åsteson i draumen. Konserten vil likevel formidlast med diktet og dei tradisjonelle melodiane i fokus.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.