Litterær salong på steinhuset på Myra i Vevring
Kvifor er det så flautt å leite etter kjærleik? Katrine Sele meiner at kjærleikslengten er ei viktig kraft i liva våre, men den innsikta har vore strevsam å finne fram til.

I den nye memoarforteljinga "Menn som nesten elska meg" skildrar ho sju år med dating, forelskingar og kjærleikssorger etter ei skilsmisse, og kor vanskeleg det var å komme nær eit anna menneske utan å miste seg sjølv.
Etter kvart let ho erfaringane i livet bryne seg på litterære erfaringar og refleksjonar. Slik veks det fram ei styrke og ei omsorg, også for seg sjølv, i lengten og leitinga etter kjærleiken.
Denne tysdagskvelden møter Katrine Sele forfattarkollega Mikkel Bugge til ein samtale om litteraturen og skrivinga som ei handsrekning i livet og rettesnor i jakta på kjærleiken.
Velkomne til litterær salong i Myrahuset i Vevring!
Rom for ord vert utvikla som ein distriktsvariant av litteraturhuset for møteplassar i grender, bygdelag og tettstadar på vestlandet. Sunnfjord er vertskommune for satsinga.